Eg heiter Bodil Moss, er 42 år, og busett på Måge i Hardanger. Måge ligg 15 km frå Odda. Her eig eg ein einebustad som ligg langs riksveg 550. Eiendommen ligg fint til inni ei lita vik. Huset er heilt for seg sjøl, det er omlag ein kilometer til næraste nabo i kvar retning. Har garasje/naust nede ved fjorden, og nokre svaberg som det er fint å bada frå om sommaren.
Eg er utdanna sjukepleier. Men har sida 1996 arbeidd i Lysimport AS som sentralbord/kontor/lager++ medarbeider:)Ellers i husstanden er Rose Marie, dotter mi på 18 år. Ho går tredje året på vidaregåande. I februar 2009 var me og henta heim 2 birmakattunger. Bygde ein kattegård på 20 kvm som sto ferdig i juli 2009. Den har dei tilgang til via katteluke, og den vert mykje brukt. I juli 2010 fekk me ein jentepus til i hus. Dei 3 kattane går veldig godt i lag, og har mykje selskap og morro med kvarandre. Planlegger å reise på utstillinger med kattane framover. Kjem til å ha 1-2 kull i året så lenge eg har fertil hanne sjøl. Heime hjå oss går kattane fritt omkring. I fritida ellers er det linedance som tar litt tid. Er formann, instruktør og aktiv medlem i Nao Linedance. Me har øving kvar onsdag. Helgekurs lokalt ei helg kvart år. Og reiser gjerne vekk på kurs 1-2 helger i året. Kjempekjekt