Kjøp av kattunge
Betingelser ved kjøp av kattunge

Me tek eit depositum på 2000 på våre kattungar. Dette vert ikkje tilbakebetalt dersom kjøpar endrer meining.

 

Ein birma kattunge frå NO*Fruitblossom’s kostar frå 7000 - 9000 kr.

 

Selskapskatt/Kosekatt:            

Ein kattunge som vert seld til kos kan ikkje brukast til avl, og skal steriliserast/kastrerast innan 1 år. Katten vert seld i stambok 2. Kr 7000

 

Utstillingskatt:

En Show kattunge skal ha  kvalitetar som gjer at den kan delta på katteutstillingar. Katten kan ikkje brukast til avl,  og skal steriliserast/kastrerast innan 1 år. Katten vert seld i stambok 2. Kr 7500

 

Avlskatt:      

Katten kan brukast til avl. Men har små avvik som gjer at den ikkje vil kunna delta på katteutstillingar. Katten vert seld i stambok 1.  Kr 8500

 

Utstilling og avl : 

En Show kattunge skal ha  kvalitetar som gjer at den kan delta på katteutstillingar. Katten kan brukast til avl. Katten vert seld i stambok 1. Kr 9000

 

Alle kattungane vert seld med stamtavle frå NRR , kjøpekontrakt og kattungepakke. Dei har skjulte feil-forsikring via Agria. Kattungane vert seld med helseattest fra veterinær, microchip, 1 vaksine ved 12-vekers alder, og ormekur. 
 

Dersom det er mogeleg at ein katt til avl kan ha Bb-blod, er blodtype-testing med i prisen.

 

Kattungane er vokst opp i heimemiljø med masse kos, oppmerskomheit og kjærleik. Me ynskjer å få høyre korleis det går med kattungen i sin nye heim. 

 

Kattungane må vera minst 12 veker før dei kan flytte til sin nye heim. Me ynskjer at alle som kjøper kattungar frå oss skal følge NRRs reglar for kattehold. Me ynskjer også at kattungens nye heim skal vera røykfri. Den bør ikkje gå fritt ute, men ha tilgang til kattegård eller evt bruke sele.

 

Er du interessert i ein kattunge frå oss, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

 

Me sel ikkje kattungane våre over Internett, men ein e-mail kan vera ein fin fyrstekontakt.

 

Det er fint viss du kan fortelje litt om deg sjøl, med henblikk på kva slags katt du er på utkikk etter. Kva for kjønn, farge, om du ynskjer katt for avl, utstilling eller kos.